Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Andre ubestemte pronomen

Ubestemte pronomen er pronomen som ikkje viser til nokon bestemt person eller ting. Øv på dei ubestemte pronomena jemand, niemand, alles, etwas og nichts. Lett å lære, veldig nyttig å kunne!
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ubestemte pronomen i tysk

I tysk har vi ei rekke ubestemte pronomen. Desse seks er mykje brukte:

man
betyr man, ein. Vi bruker ordet når vi snakkar generelt og på vegner av "alle".
jemand
betyr nokon, ein eller annan. Ordet viser til ein eller fleire personar i ei gruppe, men ikkje til nokon bestemt person.
niemand
betyr ingen, ikkje nokon og blir brukt om personar.
alles
betyr alt og blir brukt om ting eller hendingar.
etwas
betyr noko, eitt eller anna og blir brukt om ting eller hendingar. I munnleg språkbruk forkortar ein etwas ofte til was.
nichts
betyr ingenting, ikkje noko og blir brukt om ting eller hendingar.

Viktig!

Pronomen er ord som "står på eigne bein" – dei er sjølvstendige setningsledd. Det gjeld også for man, jemand, niemand, alles, etwas og nichts.

Eksempel

  • Man lernt nie aus. Man/Ein blir aldri utlært.

  • Jemand spielt Klavier. Nokon speler piano.

  • Ich kenne niemand in dieser Stadt. Eg kjenner ingen i denne byen.

  • Hier stimmt was/etwas nicht. Her er det noko som ikkje stemmer.

  • Hast du alles eingekauft? Har du handla inn alt?

  • Er weiß nichts. Han veit ikkje noko / ingenting.

Tenk over

Sett om eksempelsetningane over til engelsk. Kva heiter dei forskjellige ubestemte pronomena på engelsk?

Smådrops for grammatikknerden

Jemand og niemand kan ha kasusbøying når dei blir brukte som objekt i setninga, men formene utan kasusbøyning er også korrekte:

  • Ich kenne niemanden/niemand in dieser Stadt. (direkte objekt, akkusativ)

  • Er hat jemandem/jemand geholfen. (helfen tar objekt i dativ)

Viss vi vil poengtere at vi snakkar om ein heilt tilfeldig person eller ting, kan vi sette irgend- foran jemand og etwas/was:

  • Hier stimmt irgendwas nicht. Her er det eitt eller anna som ikkje stemmer.

  • Irgendjemand wird mir schon helfen. Ein eller annan kjem sikkert til å hjelpe meg.

Man

Pronomenet man bruker vi på same måten i tysk som i norsk bokmål. Du finn øvingar på denne sida:

Relatert innhald

Øving 1: Omsetting

Øving 2: Vel rett pronomen

Øving 3: Omsetting

Kjapt oppsummert

Du har no lese om ubestemte pronomen og løyst oppgåver. Dette bør du kunne svare på no:

  1. Kva heiter dei ubestemte pronomena jemand, niemand, alles, etwas og nichts på norsk og på engelsk?

  2. Kva vil det seie at eit pronomen er ubestemt?

  3. Står pronomen saman med eit substantiv, eller er dei eigne setningsledd som står aleine?

Repetisjon

Har du behov for ein liten repetisjon i etterkant? Eller føretrekker du heilt enkelt å gjere grammatikkøvingar med papir og penn? Da kan du bruke vedlegget nedanfor.

Filer

CC BY-SASkrive av Marion Federl og Katrin Konradt.
Sist fagleg oppdatert 01.04.2024

Læringsressursar

Pronomen