Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Personleg pronomen i nominativ

Personlege pronomen er ord som står i staden for substantiv. På denne sida finn du øvingar som tek for seg subjektsforma av dei tyske personlege pronomena. Denne forma kallar vi for nominativ.

Kva er eit personleg pronomen?

Eit personleg pronomen er eit ord som står i staden for eit substantiv. Døme:

  • Mamma reiser mykje. Akkurat no er ho i Finland.

I staden for mamma kan vi altså bruke ho når det allereie er klart at det er mor vi snakkar om. Ordet ho er eit personleg pronomen.

Vi kan sette dei tyske personlege pronomena i system på denne måten:

Personleg pronomen

eintal

fleirtal

første person

ich (eg)

wir (vi)

andre person

du (du)

ihr (de)

tredje person

er, sie, es (han, ho, det)

sie (dei)

Kva meiner vi med første, andre og tredje person?
  • Første person er den som snakkar.

  • Andre person er den vi snakkar til.

  • Tredje person er den vi snakkar om.

Øving 1: Personleg pronomen

Høfleg form

Høfleg form av det personlege pronomenet finst i både norsk og tysk. På tysk heiter det høflege pronomenet Sie. Vi bruker det både overfor ein person og overfor fleire. Sie tek same verbform som fleirtalspronomenet sie:

  • Frau Larsen, kommen Sie bitte zur Rezeption.

  • Meine Damen und Herren, folgen Sie mir bitte!

I Noreg blir den høflege forma brukt svært lite no, men i dei tysktalande landa er det framleis vanlegast at vaksne som ikkje kjenner kvarandre så godt, bruker høfleg form, både i jobbsamanheng og privat.

Ein god grunnregel for deg er å bruke høfleg form overfor vaksne når du snakkar tysk. Det kan godt hende dei deretter ber deg bruke du-form, men det er aldri feil å starte med høfleg tiltale.

Høfleg form i norsk

I norsk kan vi bruke pronomenet De med stor forbokstav som høfleg tiltale til éin eller fleire personar:

  • Fru Larsen, kan De vere snill og komme til resepsjonen?

  • Mine damer og herrar, kan De vere snille og bli med meg?

Men De-forma er på veg ut av språket. I dag bruker vi vanlegvis du eller de også i formelle situasjonar:

  • Fru Larsen, kan du vere snill og komme til resepsjonen?

  • Mine damer og herrar, kan de vere snille og bli med meg?

Øving 2: Høfleg form eller du-form?

Kva form passar best til situasjonen?

Øving 3: Gjer om til høfleg form

Les eksempelsetninga høgt, og gjer deretter om til høfleg form. Fasit finn du på baksida av kvart kort.

Personleg pronomen i tredje person

I tysk bruker vi pronomena er, sie og es om både personar og ting. Regelen er enkel: Hankjønnsord tek alltid er, hokjønnsord tek alltid sie og inkjekjønnsord tek alltid es. Slik gjer vi som hovudregel også i nynorsk:

  • Die Lampe ist modern. Sie ist modern. Lampa er moderne. Ho er moderne.

  • Der Hund ist alt. Er ist alt. Hunden er gammal. Han er gammal.

(I bokmål er det annleis: Her bruker vi han og ho berre om personar. Om dyr og ting bruker vi den.)

Øving 4: Personleg pronomen i tredje person

Kjapt oppsummert

Du har no lese om personlege pronomen og løyst oppgåver. Dette bør du kunne svare på no:

  1. Kva er nominativ?

  2. Kva er eit personleg pronomen?

  3. Kva heiter dei norske personlege pronomena eg, du, han, ho, det, vi, de, dei på tysk?

  4. Kva heiter det høflege pronomenet på norsk og på tysk?

  5. Kva form tek verbet når det står saman med det høflege pronomenet på tysk?

  6. Bonusspørsmål: I tysk har dei ikkje noko pronomen som tilsvarer det norske bokmålspronomenet den (hunden = den, lampa = den). Kva bruker tyskarane i staden? Gi eksempel og forklar.

Repetisjon

Har du behov for ein liten repetisjon i etterkant? Eller føretrekker du heilt enkelt å gjere grammatikkøvingar med papir og penn? Då kan du bruke vedlegget nedanfor.

Filer

CC BY-SASkrive av Anna Maria Holvik og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2024

Læringsressursar

Pronomen