Korleis kan avfall bli ein ressurs? I filmen møter vi Stian Rossi som jobbar som produktutviklar og materialforskar. La deg inspirere av korleis resirkulert plast kan bli til nye produkt.
Del 1: Sjå filmen om design for framtida
Relatert innhald
Nettside hos kda.fag.film
Del 2: Utforsk plast som materiale
- Start på same måten som produktutviklaren i filmen og finn ut kva plast er.
- Undersøk korleis resirkulert plast kan brukast som ein ressurs.
Relatert innhald
Nettside hos grontpunkt.no
Del 3: Idéutvikling til eit produkt av resirkulert plast
- Jobb i grupper og bli einige om eit produkt de vil designe. Materialet skal vere resirkulert plast.
- Definer målgruppe og lag idéskisser til ulike løysingar.
- Eksperimenter med form og funksjon og vel ei løysing de vil gå vidare med.
- Lag arbeidsteikning, planlegg produksjonen og lag ein prototyp eller eit ferdig produkt.
- Presenter idéutviklinga og produktet for klassen.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland og Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 23.09.2020