Forsøk
Forsøk: Tettleik og løyseevne til ulike stoff
Kvifor flyt nokre stoff oppå andre? Kva stoff er det mogleg å blande? Utforsk tettleiken og løyseevna til nokre vanlege stoff.
De skal samanlikne tettleik og løyseevne for ulike stoff og prøve å forklare det de observerer.
Del 1 – bland alle stoffa
- Hell 1–2 ml av kvar av dei fem løysingane i kvart sitt reagensglas.
- Kva trur de skjer om de heller dei fire andre løysningane over i reagensglaset med flytande honning? Lag ein hypotese for kva som vil skje med væskene når de blandar dei saman.
- Hell like delar av kvar av dei fire andre løysningane over i reagensglaset med sirup. Kva observerer de?
Del 2 – alle stoffa i same reagensglas
Hell eitt og eitt av stoffa forsiktig over i det same reagensglaset i denne rekkjefølgja:
- flytande honning
- oppvaskmiddel
- vatn
- matolje
- raudsprit
- Hald tommelen over opninga på reagensrøyret, og snu røyret opp ned eit par gonger. Kva observerer de?
Del 3 – berekn massetettleiken til stoffa
- Mål opp like volum av dei ulike stoffa.
- Veg kvar av løysningane på ei labvekt.
- Rekn ut tettleiken til stoffa i g/l eller mg/ml.
- Stemmer resultatet de får ut av forsøket, med hypotesen de hadde i gruppa?
- Kan vi lage ein teori om kva som skjer når vi blandar løysningar med ulik tettleik? Skriv ned gruppa sin teori.
- Forklar resultata frå del 1 og del 2 med massetettleiken til stoffa.
- Kvifor blandar nokre stoff seg?
Spørsmål til diskusjon:
- Kvifor legg feittet seg øvst som eit eige lag?
- Kvifor er det nødvendig å bruke såpe ved vask av til dømes middagstallerkenar?
- Kva restar etter «middagen» kan vaskast bort med berre vatn?