Øving
Oppsummerande oppgåver om materiale
Desse oppgåvene tek deg gjennom hovudpunkta i emnet materiale.
Lag par ved å finne bilete og ord som høyrer saman. Kor mange kort må du snu før du har funne alle para?
- Kva materiale er mobiltelefonen din laga av?
- Kva materiale kan du sjå rundt deg der du er akkurat no?
- Kva materiale er viktige i det framtidige yrket ditt, trur du?
- Beskriv oppbygginga av ein trestamme.
- Kva eigenskapar gjer trevirke til eit populært materiale?
- Kva ulemper har trevirke som materiale?
- Kva er metallbinding?
- Kva eigenskapar gjer at metall har mange bruksområde?
- Kva er ei legering? Gi døme på nokre legeringar. Kva er fordelen med legeringar?
- Korleis blir metalla delte inn i ulike grupper?
- Forklar kvifor det er større sjanse for å finne ein gullklump når du er ute på tur, enn det er å finne ein koparklump.
- Korleis framstiller ein glas?
- Kva fordeler og ulemper er det med å bruke glas som materiale?
- Nemn ulike produkt og bruksområde der glas er eit viktig materiale.
- Kva produkt med keramiske materiale kjenner de til?
- Kva har keramiske materiale til felles?
- Kva er fordelen med å bruke keramiske materiale?
- Kva er ulempa med keramiske materiale i produkt?
- Kva vil det seie at plast er ein syntetisk polymer?
- Forklar kvifor plast både er eit nyttig og problematisk materiale.
- Lag ei oversikt over eigenskapar og bruksområde til materiale som er viktige i den framtidige yrka di.
- Kva faktorar påverkar kor berekraftig eit materiale er? Ta utgangspunkt i dei tre dimensjonane i berekraftig utvikling: miljø, sosiale forhold og økonomi.