Forsøk
Forsøk: Måling og løysemiddel
Undersøk eigenskapar til oljemåling og akrylmåling og bruk det du finn ut til å avgjere kva løysemiddel som eignar seg til desse typane måling.
Relatert innhald
Undersøk eigenskapane til alkyd- og akrylmåling og bruk dette til å finne eigna løysemiddel til desse typane måling.
- Lag ei oversikt over stoffa som skal brukast.
- Gjennomfør ei risikovurdering av stoffa.
NB! Forsøket bør gjennomførast i avtrekk.
Bland ei teskei med måling med ei teskei med løysemiddel i ei skål, slik det er oppgitt i tabellen under.
Viss de har andre typar måling, kan de utvide tabellen og undersøkje kva løysemiddel som eignar seg for desse òg.
- Observer kva som skjer.
1 | 2 | 3 | 4 | |
---|---|---|---|---|
måling | akrylmåling | alkydmåling | alkydmåling | alkydmåling |
løysemiddel | vatn | vatn + såpe | raudsprit | white spirit |
observasjon |
- Kva løysemiddel eignar seg best til akrylmåling? Forklar.
- Kva løysemiddel eignar seg best til alkydmåling? Forklar.
- Kva miljømerke finn de på målingane de bruker på verkstaden? Ta bilete av miljømerkinga og bruk dei i rapporten.
- Finn ut kva krav som blir stilte til produkt som har desse merka.
- Finn ut kva akrylmåling inneheld.
- Kva argument er det for å bruke vassbasert måling i verkstaden på skulen?
- Finst det argument mot å bruke vassbasert måling på skulen eller på jobb?
- Kva funksjon har såpe når du gjer hender og penslar reine etter at du har brukt vassbasert måling?
- Kva andre typar måling kan vere aktuelle å bruke?
- Du målar ein utvendig vegg med vassbasert måling. Kvifor blir ikkje målinga løyst opp når det begynner å regne? Bruk figuren under som hjelp når du forklarer.
- Kva kjenneteiknar lateksmåling?
- Vurder dei ulike typane måling med utgangspunkt i bruk, resultat og miljøpåverknad.