Forsøk
Forsøk: Tørkeprosessen i treverk
I denne oppgåva skal de undersøkje tre variablar som alle vil seie noko om tørkeprosessen til ein trebit.
- ein utskoren bit av nyleg felt gran eller furu – dette kan vere ein plankebit på 25–30 cm, gjerne med litt bork på kanten
- fuktmålar for treverk
- vekt med presisjon på minst heile gram
- Gjennomfør målingane med jamne mellomrom – minst to gonger i veka, men gjerne kvar dag.
- Pass på at trebiten har omtrent like omgivnader heile tida. Til dømes vil det vere ugunstig at han ligg i vindaugskarmen og blir påverka av om det er sol eller ikkje.
Tips
- De kan bruke ein vanleg fuktmålar for tre og betong. Følarane på målaren trengjer nokre millimeter inn i treverket og måler prosentinnhaldet av vatn i overflata.
- De kan forlengje følarane ved å slå to spikrar inn i treverket og på den måten måle fukta til dømes 5 centimeter inne i plankebiten.
- Viss de har noko bork att på trestykket, kan det vere ein idé å måle her òg. Då vil de kunne sjå om borken bidreg til å halde på fukta.
- Bruk gjerne andre tresortar som de har tilgang til.
- Grupper i klassen kan undersøkje trebitar av ulike storleikar.
- Lag eit oppsett ved hjelp av eit rekneark som viser målingane av
- vekta av trebiten
- fukta i overflata
- fukta midt inne i trebiten (skriv ned kor djupt)
- Lag kurver som illustrerer utviklinga i tørkeprosessen.
- I tillegg kan de registrere synlege endringar i trebiten. Dette kan de dokumentere med bilete og eventuelt ein timelapse-film.
- Kva viser resultata?
- Finn ut kva fukt bør det vere i trevirket før det blir rekna som tørt.
- Har du forslag til forbetringar eller utvidingar av forsøket?
- Kva meiner vi med påstanden «Tre er eit levande materiale»?
- Kvifor bør treverket vere tørt før vi bruker det i ein konstruksjon eller overflatebehandlar det?
- Diskuter om tørking av treverk bør gå føre seg innandørs eller utandørs.