Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tilbake i jobb

Konrad har no jobba i snart eitt år som barne- og ungdomsarbeidar på skulen. Dei andre veit ikkje så mykje om han, bortsett frå at han har vore sjuk ein lengre periode. Ein dag fortel han dei litt om livet sitt, og han fortel blant anna om opphaldet sitt på ein gard som driv med grøn omsorg.

Mange av dei tilsette veit lite om grøn omsorg. Konrad viser difor ein film han har frå garden han var på.

  1. Kva er grøn omsorg?
  2. Send ein e-post til Nav og be om å få vite kva for tilbod kommunen har til menneske som ikkje kan stå i ordinær jobb. Spør spesielt om det finst tilbod til unge menneske og menneske med rusproblem.
  3. Kva lærte du av å sjå filmen?
  4. Kvifor trur du meistring er så viktig?
  5. Diskuter kor mykje vi bør fortelje kollegaene våre om oss sjølve.

Relatert innhald

Målet med førebyggjande tiltak i samfunnet er å redusere dei sosiale og helsemessige skadane som følgjer rusmiddelbruk.

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 16.08.2018

Læringsressursar

Videregående skole som arbeidsplass