Hopp til innhald

Oppgåve

Livredningskurs i skulen

Trine og Remi, som er elevar ved Berghammaren vidaregåande skule, har yrkesfagleg fordjuping i grunnskulen. 7. klassane på skulen deira har fått delt ut kvar si førstehjelpsdokke som heiter Mini-Anne. Trine og Remi har vore med på å planleggje og gjennomføre ei opplæring i korleis elevane skal bruke dokka.

Sjå filmen som viser korleis dei gjennomførte opplæringa.

Livredningskurs i skulen

Vurder opplegget til Trine og Remi og svar på desse spørsmåla:

  1. Kvifor bruker dei musikk i opplæringa?
  2. Kva er det i denne opplæringa som fremmar læring?
  3. Kva er formålet med at barna skal lære dette vidare til foreldra sine?
  4. Korleis ville du ha gjennomført eit slikt opplegg?
Sist faglig oppdatert 17.08.2018
Skrive av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg

Læringsressursar

Videregående skole som arbeidsplass

Oppgåver og aktivitetar