Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Elevrådsarbeid

På Berghammaren vidaregåande skule ønskjer dei eit aktivt elevråd. Dei møtest fleire gonger i månaden, og dei står på og jobbar for saker dei er opptekne av. Når dei har møte for heile elevrådet, er det berre representanten frå idrettsfag som ikkje møter.
  1. Kva for oppgåver har elevrådet?
  2. Intervju representantar for elevrådet på din eigen skule. Finn ut korleis dei jobbar, og kva dei gjer når elevar fremjar saker.
  3. Kvifor skal det vere mogleg for barn og unge å ha medverknad?
  4. Kva bør gjerast når ein representant til elevrådet aldri møter?

Relatert innhald

Brukarmedverknad er lovbestemt og sentralt i oppvekst-, helse- og sosialsektoren. Brukaren skal sjølv få høve til å medverke og ta avgjerder.

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 17.08.2018

Læringsressursar

Videregående skole som arbeidsplass