Rettleiing
Stasjon 5: presisjon og balanse
Her skal du balansere på benkene og hoppe frå benk til benk og voltpute. Denne ressursen høyrer til kroppsleg læring og parkour, økt 1.
Klarer de å starte frå kvar dykkar side av benken for så å passere kvarandre oppå benken? Diskuter i gruppa kva som fungerer best, og kvifor det fungerer så bra.
Utfordre deg sjølv og medelevane dine til å balansere og hoppe på ulike måtar og med ulike kombinasjonar.
Start med kort mellomrom. Auk avstanden mellom hindera etter kvart som du meistrar øvingane.
- Kva enkle tiltak kan du gjere for at det skal vere lettare for deg å balansere på denne stasjonen?