Rettleiing
Stasjon 1: springe på vegg
Her skal du prøve å springe på veggen, eller gjere ein tic tac, som det heiter på parkour-språket. Sjå på videoen under og prøv trinn for trinn. Bruk gjerne ein låg kasse eller ei skumpute i starten. Denne ressursen høyrer til kroppsleg læring og parkour, økt 1.
Korleis kan du utfordre deg sjølv på denne stasjonen?
Kva må du gjere med kroppen for å få til å "springe" på veggen?