Hopp til innhald

Fagstoff

Kroppsleg læring og parkour, økt 3

Parkour er ein aktivitet som stimulerer til leik og utforsking. Ved å utforske, prøve og feile vil du lære å time og koordinere ulike kroppsdelar for å forsere hinder. Dette er den siste av tre økter.

Opplegget som er presentert under, er eit forslag på tre økter med parkour med ein tenkt progresjon. Det inkluderer òg videoar med øvingsutval der du kan velje ut frå eige nivå. Det er lagt vekt på at opplegget skal bidra til utforsking, refleksjon og undring, aleine, i par og i grupper.

Tre gutar hoppar ned frå ein vegg, og ein fjerde gut tek tak i veggen med den eine handa og ser ned. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Til læraren

Tips til førebuing

  • Repeter læringsmåla for økta og perioden.

  • Repeter òg og korleis elevane blir vurderte.

  • La elevane repetere refleksjonsspørsmåla frå førre time i grupper. Dei skal diskutere kva dei lærte sist, kva dei meistra, kva dei ikkje meistra, og korleis dei ønsker å jobbe med sitt eige "run" denne timen.

  • Repeter koordinasjon, styrke, rørsleevne og fysisk og psykisk uthald med vg2-elevane.

Læringsmål
  • Eleven skal utfordre seg sjølv motorisk og utfordre motet til å tøye eigne grenser.

  • Eleven skal bli kjend med korleis eigen kropp fungerer og bli klar over kva han eller ho kan få til og meistre.

  • Eleven skal samarbeide med andre og bidra til andre si læring.

  • Eleven skal forstå korleis ein kan utvikle koordinasjon, styrkje, rørsleevne og uthald i aktiviteten parkour (vg2).

Vurdering gjennom heile perioden

Læraren vurderer

  • viljen og innsatsen eleven har til forbetring, òg når det ikkje blir nokon framgang

  • om eleven utfordrar seg sjølv og eigne moglegheiter

  • korleis eleven samarbeider med andre og bidreg til eigen og andre si læring og dessutan eleven si forståing for eiga læring

Hovuddel (35 minutt)

  • Jobb saman i gruppe på fem–seks elevar. Set saman ei løype med fire–fem hinder. Alle på gruppa skal vere med å avgjere kva hinder de skal ha. Bruk gjerne videoane frå "Kroppsleg læring og parkour, økt 1" som inspirasjon.

  • Gjennomfør ti–femten minutt oppvarming i gruppa. Oppvarminga skal vere retta mot hovudaktiviteten parkour. Bruk gjerne øvingar frå oppvarmingsvideoen.

  • Øv på dykkar eige "run". Samarbeid i gruppa, utfordre kvarandre, og gi kvarandre tilbakemeldingar som gjer at de opplever meistring. Går det an å utføre "run-et" på fleire måtar? Korleis kan de tilpasse hindera slik at alle på gruppa opplever meistring?

  • Gå saman med ei anna gruppe og set saman "run-et" i begge gruppene til eitt "run". Gjer tilpassingar slik at alle opplever meistring.

Avslutning (5 minutt)

Gå saman i grupper.

Reflekter over arbeidsprosessen og læringsmåla:

  • Kva synest de at de fekk til i dag? Kvifor fekk de det til?

  • Var nokon hinder vanskelege? Kvifor var dei vanskelege?

  • Korleis fungerte "run-et" dykkar? Kva var bra, kva var ikkje bra?

  • Korleis jobba de på gruppa for å bidra til at alle lærte noko?

  • Kva har de lært gjennom heile perioden med parkour?

  • Har du nådd læringsmåla? Vurder deg sjølv.

CC BY-SASkrive av Erling Kristian Nilsen og Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2022

Læringsressursar

Parkour