Kroppsøving (vg1)
Rørsleaktivitet
Kroppen er laga for å vere i rørsle. Ved å vere i regelmessig aktivitet held vi oss i form og reduserer risikoen for å få sjukdommar og skadar. Det finst mange ulike aktivitetar du kan drive med. I dette emnet har vi samla idrett, dans og andre aktivitetar.
Parkour
Parkour er ein aktivitet som kan tilpassast alle aldersgrupper og nivå. Det handlar om å bruke heile kroppen til å kome seg raskt og effektivt forbi hinder. Å utforske terrenget og finne løysingar for å kome seg forbi ulike hinder på vegen frå A til B, vil for mange gi stor glede og meistring.