Hopp til innhald

Fagstoff

Jokerball

Eit alternativt lagspel der samarbeid og taktikk er viktige eigenskapar.
Ein kortstokk der ein joker har biletsida opp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skildring

  • Del inn i lag på 4–7 spelarar og definer eit spelområde.
  • Før spelet startar, vel laga ein spelar på eige lag som er joker. Motstandaren skal ikkje vite kven dette er. Det er berre skåringane til denne spelaren som tel. Det er viktig å kamuflere dette ved at det er fleire på laget som skårar.
  • Laga speler mot kvarandre med til dømes softball og små mål. Spelet går ut på å spele seg fram til målet til motstandaren og kaste ballen i mål.
  • Etter kvar kamp får laga litt tid til å diskutere kven dei trur er joker på motstandarlaget. Gjettar ein riktig joker på motstandarlaget, får ein 5 ekstrapoeng i tillegg til talet på mål eigen joker har skåra. Viss til dømes joker på eige lag skåra 2 mål, og laget klarer å gjette riktig joker på motstandarlaget, vil ein stå med 7 poeng.

Reglar

  • Ingen skritt med ball.
  • Ingen kroppskontakt.
  • Spelar kan halde i ballen maks 5 sekund.
  • Ved skåring startar ein frå eige mål.
  • Når ballen blir spelt ut av banen, blir det innkastet til motstandaren.

Variantar

  • Alle skåringar tel, men jokeren sine skåringar tel dobbelt, tredobbelt eller femdobbelt.
  • Bruk ulike mål, som til dømes basketkorg, legg ballen død på strek, spel med fleire mål, ballen blir sentra med hendene, medan skåring må gjerast med beina eller liknande.
  • Bruk ulike ballar.
  • Joker kan brukast i dei fleste ordinære lagspel.

CC BY-SASkrive av Bjørn Erik Rolseth.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2020

Læringsressursar

Leik