Hopp til innhald

Fagstoff

1–50

Denne leiken passar godt som oppvarming. Laga må samarbeide om matematiske oppgåver og om å finne dei riktige tala.
Ungdommer som løper i en idrettshall
Opne bilete i eit nytt vindauge

Beskriving

  • Del inn i lag på 3–5 personar. Kvart lag får kvar sin terning, og må lage eit kamprop. Legg ut tala 1–50 vilkårleg på eit avgrensa område. På baksida av nokre tal er det tilleggsoppgåver som skal gjennomførast før laget kan gå vidare.
  • På signal kastar ein elev frå kvart lag terningen, og laget skal finne det talet terningen viser. Alle på laget spring kvar for seg for å finne talet, den som finn det først, ropar kampropet. Laget samlast ved eleven som ropte, og dei kastar terningen på nytt etter å ha utført oppgåva saman.
  • Det nye talet blir lagt til talet ein har frå før, og laget skal no finne det neste. Til dømes kastar laget talet 4 først og finn dette. Deretter kastar dei talet 5, laget skal no finne talet 9 og så vidare. Det første laget som kjem til 50, vinn.

Variantar:

  1. Etter at det første laget har kome til 50, kan dei byrje på nytt om å kome først ned til talet 1 igjen.
  2. Varier kor mange tal som skal ha tilleggsoppgåver på baksida.
  3. Kast terningen for å sjå kor mange repetisjonar elevane skal ta på tilleggsoppgåvene.
  4. Elevane skal jobbe parvis.

Under ligg opplegget som pdf-fil.

Filer

CC BY-SASkrive av Bjørn Erik Rolseth.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2020

Læringsressursar

Leik