Hopp til innhald

Fagstoff

Badmintonstafett

Denne leiken liknar på skiskyting og utfordrar elevane på snøggleik, presisjon, uthald og samarbeid.
Badmintonballar på badmintonbane. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skildring

  • Denne leiken liknar på skiskyting. Del inn i lag med 4–6 deltakarar.
  • Legg 3 fjørballar på baklinja på ein volleyballbane, ein rockering på midtlinja, og marker ein strafferunde på 3·3 m på motsett baklinje.
  • Ein og ein på laget skal ta med seg fjørballen, leggje seg ned på magen bak 3-meterlinja og kaste blink på rockeringane. Viss alle blir liggande i rockeringen, hentar spelaren ballane og vekslar med nestemann på laget.
  • Viss spelaren bommar, må denne springe strafferundar likt talet på bom før ballane blir overrekte nestemann på laget.
  • Stafetten kan gjennomførast med både liggande og ståande skyting.

Variantar

  • Juster avstand det skal kastast frå.
  • Bruk badmintonracket.
  • Stafetten kan utvidast med at kvart lag set eit badmintonrøyr inntil ein vegg eller liknande, 1,5–2 meter unna baklinja. Etter at alle har kome i mål med første del av stafetten, får laga no totalt 5 fjørballar. Deltakarane stiller seg ved 3-meterlinja og skal einskildvis springe fram til baklinja, kaste ballane og treffe oppi ballrøyret. Ballar som treffer, blir liggande i ballrøyret, resten blir plukka opp overrekt nestemann på laget. Slik held laget fram til alle ballane ligg oppi ballrøyret.
CC BY-SASkrive av Bjørn Erik Rolseth.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2020

Læringsressursar

Leik