Hopp til innhald

Fagstoff

Bingoløp

Målet er fylle bingoplata si. Leiken set krav til uthald, minne og taktikk.

Skildring

  • Kvar elev får ei bingoplate med tala 1–20 organiserte i to rekkjer. Målet er å finne alle tala i kronologisk rekkjefølgje. Ein eller fleire elevar får ikkje ei bingoplate og fungerer som fangarar, desse kan gjerne ha på vestar.
  • Tala blir lagde under kjegler – oddetal på den eine sida av banen og partal på den motsette sida.
  • Elevgruppa blir delt i to, og når leiken startar, spring den eine gruppa til partalssida og den andre til oddetalssida. Eleven løftar ein kjegle og ser kva nummer han har, og riv så eit hakk eller stikk eit hol i bingoplata over det talet.
  • Tala skal springast gjennom i rett rekkjefølgje. Startar du ved talet 17, skal du deretter leite etter talet 18, deretter 19, 20, 1, 2 og så vidare. Det siste talet blir i dette tilfellet 16. Når alle tala er haka av, spring du til mål.
  • Blir ein fanga undervegs i løpet, skal ein overlate bingoplata til fangaren, og ein blir sjølv den nye fangaren.
  • Viss ein er på den andre sida av kjeglerekkja i forhold til løpefeltet, kan ein ikkje bli teken.
  • Den som står igjen som fangar når alle er ferdig, har tapt, eller den første som får haka av alle tala, vinn.

Variasjonar

  1. Bruk færre eller fleire tal.
  2. Skriv namn på muskelgrupper på den eine sida og ha bilete av muskelgrupper på den andre.
  3. Løp i par eller i grupper.

Under ligg opplegget og mal til bingoplate som PDF–fil.

Filer

CC BY-SASkrive av Bjørn Erik Rolseth.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2020

Læringsressursar

Leik