Hopp til innhald

Fagstoff

Stele egg

Laga skal fange så mange egg som mogleg, utan å bli tekne. Her blir du utfordra på taktikk, snøggleik, reaksjon og uthald.
Elevar prøver å stele egg frå avgrensa område. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skildring

  • Til denne leiken treng du papirballar. Bruk avispapir og pakketape.
  • Del inn i fire lag som stiller seg i kvart sitt hjørne i salen.
  • Bruk benkar til å lage eit kvadrat midt i salen. I kvart hjørne skal det vere ein inngang på om lag 1 meter. Legg papirballane i midten av kvadratet, og vel ein frivillig til å vere «mora» til egga.
  • Ved startsignal spring ein representant frå laga inn mot midten for å stele egg. Det er valfritt kva for ein av inngangane du bruker. Viss «mora» til egga klarer å ta deg, må du springe tomhendt tilbake og veksle med neste person. Viss du får tak i eit egg, men blir teken på veg ut av kvadratet, må du leggje egget tilbake.
  • Laga skal samle så mange egg som mogleg på til dømes fire minutt, eller til det er tomt for egg. Det er berre tillate å springe ein om gongen, og det er berre tillate å ta med eitt egg om gongen.

CC BY-SASkrive av Bjørn Erik Rolseth.
Sist fagleg oppdatert 05.02.2020

Læringsressursar

Leik