Hopp til innhald

Fagstoff

Frisbee

Frisbee er ein tallerkenforma sportsreiskap av plast, vanlegvis med ein diameter på 20–25 centimeter. Ein frisbee skal kastast med éi hand på ein slik måte at han roterer fram gjennom lufta, og han er utforma slik at han skaper si eiga oppdrift når han flyg.
Mann kastar frisbee. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Frisbee med OL-ringane i midten. Foto.

Opphavet

Eigenskapane til den "flygande tallerkenen" vart oppdaga ved eit tilfelle i 1871. Det var då amerikanaren William Russel Frisbie starta bakeriet The Frisbie Pie Company i Connecticut. Firmaet spesialiserte seg på terter og paiar som vart leverte i runde blekkesker til skulane i distriktet. Elevane oppdaga sjølvsagt snart at dei tomme eskene var fine å "flyge" med, og dei hadde moro av å kaste dei fram og tilbake mellom seg.

Den første frisbeen

Likevel var det først i 1946 at ein annan amerikanar, Walter Fredrik Morrison, kom på ideen om å lage eit leiketøy av dei flygande blekkboksane. Han utvikla designet vidare og eksperimenterte seg fram til ein tallerken av plast. Det er denne polyetylenutgåva som blir rekna som den første verkelege frisbeen. Seinare har disken kome i mange ulike variantar, og brukarane har klekt ut mange ulike kasteteknikkar og spelvariantar for han.

Frisbee blir ein idrett

I 1960-åra innsåg ein at den frisbeen kunne brukast til meir enn å leike med, han hadde òg eit sportsleg potensial.

To herrelag speler frisbee ultimate på gressflate. Foto.

I 1967 grunnla Ed Headrick IFA, International Frisbee Association. To år seinare vart lagspelet ultimate utforma av elevar ved Columbia High School i New Jersey. Det same året vart den første offisielle frisbeegolf-turneringa arrangert i Pasadena, og i 1974 vart den første verdsmeisterskapen i frisbee arrangert.

Brodie Smith har spelt både ultimate og frisbeegolf profesjonelt, og i denne videoen viser han dei 21 beste frisbee-skota sine: YouTube: Top 21 Frisbee Trick Shots 2012 | Brodie Smith.

CC BY-NC-SASkrive av Oddbjørg Vatn Slapgaard, Kolbjørn Ekker og Jan Bolle .
Sist fagleg oppdatert 12.11.2018

Læringsressursar

Disksport