Hopp til innhald

Fagstoff

Hot box

Hot box er ei form for ultimate som er tilpassa små grupper (4–8 spelarar), og som kan spelast både ute og inne i gymsalen.

Spelet liknar litt på "halfcourt basketball" ved at speleområdet består av ein firkant på 2 x 2 meter som er mål (boksen) og ei såkalla "clearance"-linje eit stykke unna boksen (sjå illustrasjonen over). Storleiken på boksen kan endrast etter kva teknisk nivå spelarane er på (gode spelarar = liten boks).

Spelet går føre seg som i vanleg ultimate. Laga skårar ved å sentre disken til ein medspelar inne i boksen. På "turnover", altså når disken går i bakken, blir blokkert eller blir snappa av ein motstandar, må det laget som får disken først, føre disken forbi "clearance"-linja før laget på nytt kan angripe boksen. Speleområdet har ingen sidelinjer – ein er aldri utanfor "banen".

  • Det er ikkje tillate med "poaching", det vil seie at alle forsvarsspelarar må følgje og dekkje spelarar, ikkje berre stå ved boksen og forsvare han.
  • Når eit lag har skåra, går det bort til "clearance"-linja. Det laget som skåra, startar spelet med eit avkast frå boksen.
  • Ein kan forkorte tida kastaren har til å kaste til 5 eller 7 (i staden for 10).

Relatert innhald

Ultimate eignar seg godt i skolen. Ultimate krev kondisjon, fart og godt samarbeid. Men først og fremst er det gøy!

CC BY-NC-SASkrive av Norges Frisbeeforbund.
Sist fagleg oppdatert 17.12.2018

Læringsressursar

Disksport