Hopp til innhald

Fagstoff

Fristyle

Det finst mange ulike kastemåtar. Hugs at det viktigaste er at du sjølv utforskar ditt eige repertoar og din eigen kreativitet. I internasjonale konkurransar spelar to eller tre personar saman i 3–4 minutt, mens dommarane vurderer vanskegrad, variasjon og utføring.
Mann trikser med frisbee.foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
frisbee fristyle.foto.
frisbee fristyle.foto.

Kast med backhandgrep

  • Kast frisbeen under beinet mens du lyftar beinet i vêret. Da har du fire moglege kastevariantar på ein gong – på innsida eller utsida av kvart bein.
  • Kast frisbeen frå bak ryggen og under eitt bein mens du står med beinet i bakken. Sørg for å føre frisbeen i ei stor sirkelrørsle 360 gradar rundt kroppen før du slepper han bak ryggen.
  • Skip-kast: Frisbeen skal treffe bakken og sprette opp igjen. Det er ein føresetnad at han har god rotasjon. Treff bakken med den kanten av frisbeen som er lengst frå handa.

Kast med forehandgrep

  • Kast frisbeen under eitt bein.
  • Kast frisbeen under eitt bein med beinet i bakken.
  • Kast frisbeen frå bak ryggen.
  • Skip-kast.

Lenke

VM-finale i freestyle-frisbee i 2003 med Zimmerman & Wentzel (youtube.com)

CC BY-NC-SASkrive av Norges Frisbeeforbund.
Sist fagleg oppdatert 11.04.2018

Læringsressursar

Disksport