Hopp til innhald
Fagartikkel

Opp ned-kast av frisbee

Dette blir også kalla «overhead» og er det same kastet som forehand, men du kastar frisbeen opp ned over hovudet.
Opp ned (frisbee). Video: Amendor / CC BY-NC-SA 4.0

Grip frisbeen som på illustrasjonen. Høgrehendte fører venstre fot fram idet kastet blir utført. Kast disken opp i vinkel og prøv å få han til å «flyte» heilt flatt over til mottakaren, slik at det blir lett å ta imot han.

Sentrale moment:

  • Hald frisbeen med tommelfingeren på oversida og frisbeen inn mot kroppen.
  • Hald peikefingeren og langfingeren på undersida, inn mot kanten.
  • Før frisbeen bak hovudet og kroppen, som i eit vanleg kast.
  • Pass på å leggje frisbeen flatt idet du utfører sjølve kastet.
CC BY-NC-SA 4.0Skrive av Norges Frisbeeforbund.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2018