Hopp til innhald

Fagstoff

Gode råd og tips

Les råda om teknikk nøye og øv mykje, så får du eit godt grunnlag og ein god basisteknikk.
Kvinne kaster frisbee. Foto.

Generelle tips

Når du skal lære deg kast som «flyt», er det tre ting som er viktige å hugse på:

  • Stå sidelengs med ansiktet mot den du kastar til. Kva for eit bein som står fremst, varierer og er avhengig av kva slags kast du skal utføre.
  • Hald frisbeen litt ned frå kroppen, det vil seie at den sida av frisbeen som vender bort frå handa, er nærmast bakken. Dette gjer du for å kompensere for dreiinga av frisbeen i lufta. Dersom frisbeen blir kasta heilt flatt, vil dei fleste oppleve at han tippar over til den eine sida, dit rotasjonen dreg han. Dersom han for eksempel roterer med klokka, vil han gradvis tippe over mot høgre.
  • Start alle kast med korte avstandar, gjerne 8–10 m, og fokuser på teknikk til å begynne med.

Avanserte tips

Her er nokre tips som hjelper deg til å korrigere dei vanlegaste feila:

  • Frisbeen går for høgt: Du bøyer truleg det bakarste beinet. Prøv å kaste med det bakarste beinet rett – bøy det fremste litt i staden.
  • Frisbeen går for kort: Du legg truleg for stor vekt på det fremste beinet og får dermed ikkje nok kraft i kastet. Still deg sidelengs og strekk armen lenger bakover slik at du får lengre arbeidsveg i kastet. Prøv å overføre tyngda frå det bakarste beinet til det fremste når du kastar (men ikkje så mykje at du kjem for langt frampå).
  • Frisbeen «woblar» (slingrar) i lufta: Det gjer ikkje utan vidare noko dersom kastet elles er bra. Men prøv å kaste med meir «snert» i handleddet, så går frisbeen meir stabilt.
  • Frisbeen tippar over til den eine sida: Hald han med større vinkel ut frå kroppen idet du slepper han, og prøv samtidig å få til ein «snert» med handleddet.
CC BY-NC-SASkrive av Norges Frisbeeforbund.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2018

Læringsressursar

Disksport