Hopp til innhald

Fagstoff

Discathon

Discathon er ei grein innanfor frisbee der ein kombinerer element frå terrengløp og slalåm. Spelarane kastar frisbeen rundt ein merkt bane. I internasjonale konkurransar skal banen vere cirka 1000 meter lang. Spelarane spring i heat på 3–5 spelarar.

Discathon fungerer òg svært godt på ein kortare bane og gir fin intervalltrening. Stafett er òg ei populær konkurranseform. Del inn i lag med to–tre spelarar på kvart lag. Spelar nummer to startar når spelar nummer ein passerer mållinja.

Over er eit døme på ein morosam bane som fungerer godt både utandørs og innandørs. Banen har både høgre- og venstresving, i tillegg til ein port og eit langt kast før mål.

Reglar

  • Det er ikkje lov å springe med frisbeen i handa. Du må kaste neste kast med ein fot plassert maksimalt ein meter unna der frisbeen landa sist.
  • Spelaren er i mål når frisbeen passerer mållinja.
  • Det er ikkje lov å hindre ein annan spelar med vilje.
CC BY-NC-SASkrive av Norges Frisbeeforbund.
Sist fagleg oppdatert 17.12.2018

Læringsressursar

Disksport