Lytt til podkastepisoden, der Sindre Beyer, leiaren
i kommunikasjonshuset TRY Råd, blir intervjua. Jobb med oppgåver om digital marknadsinformasjon, marknadsundersøkingar og digital dataanalyse.
Oppgåver til podkasten
- Sindre Beyer er leiar i TRY Råd, som er eit av dei største kommunikasjonshusa i Noreg. Kva slags marknadsundersøking seier Sindre Beyer at det kan vere aktuelt å bruke for å finne ut korleis unge tenkjer om noko?
- Kva er åtferdsdata?
- Korleis kan verksemder få tak i åtferdsdata?
- På kva måte har Amazon lykkast med å samle inn data og bruke dataa til å gi ei betre kundeoppleving?
- Kva døme nemner Sindre Beyer der bruk av data ikkje kom heilt heldig ut for Amazon?
- Kva ulemper kan det ha for oss forbrukarar at vi legg igjen så mange digitale spor, som igjen gjer at det blir samla inn så mykje data om oss?
- Kva fordelar kan det ha for verksemder at det er mogleg å samle inn enorme mengder data?
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 19.02.2021