Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Marknadsundersøking for skulen

I denne oppgåva skal de gjennomføre ei marknadsundersøking for skulen. Finn ut kva elevane på skulen meiner om skulen på godt og vondt. De kan òg høyre med elevar i tiandeklasse i nærmiljøet om dei har lyst til eller ikkje har lyst til å søkje seg til denne skulen. Be elevane grunngi svaret.
Fire elevar på ein vidaregåande skule, tre gutar og ei jente, står og smiler og snakkar ved nokre bokskåp i ein gang. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vel ein undersøkingsmetode de meiner passar for dette oppdraget, og utarbeid og gjennomfør undersøkinga. Kanskje funna frå undersøkinga kan delast med leiinga på skulen?

Tenk over

På kva måtar trur de at skulen kan ha nytte av å gjennomføre slike undersøkingar?

Kvifor er det viktig for skular å ha eit godt omdøme?

Relatert innhald

Du har sikkert svart på ulike marknadsundersøkingar. Marknadsundersøkingar kan gi verksemder verdifull informasjon om oss som kundar.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 24.02.2021

Læringsressursar

Marknadsundersøkingar