Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ferieundersøking

Kva skal medelevane dykkar i ferien? Kven skal kva, og kva ferietype er mest populær?
Aktivitetsferie i Norge. Ei gruppe menneske som juvar i den norske fjellheimen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva skal de planleggje, gjennomføre og analysere ei marknadsundersøking for å kartleggje reise- og ferieplanane til medelevar.

Målet med undersøkinga er å finne ut kvar ungdom har lyst til å reise i ferien sin, og kva dei har lyst til å gjere når dei er der.

  1. Bestem dykk for kva type undersøking de vil gjennomføre, kvalitativ eller kvantitativ.

  2. Diskuter og bli einige om kva spørsmål det er viktig å få svar på, og korleis dei skal stillast.

  3. Bli einige om korleis svara skal analyserast, og korleis dei skal rapporterast (grafar, diagram, søyler).

  4. Lag undersøkinga, og gjennomfør ho. Kanskje ønskjer de å kombinere metodane og lage både ei digital spørjeundersøking og ei intervjuundersøking på skulen?

  5. Fordel svara mellom dykk, og analysér. Set analysane saman og lag ein rapport.

  6. Evaluer når de er ferdige. Vart det ei vellykka marknadsundersøking?

Lykke til!

Relatert innhald

Kvantitative undersøkingar i form av spørjeundersøkingar er nok den forma for marknadsundersøkingar flest av oss kjenner til.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 12.03.2021

Læringsressursar

Marknadsundersøkingar