Hopp til innhald

Fagstoff

Formelrekning

Hugsar du korleis du reknar med formlar?

På Vg1 arbeidde du med formlar. Eit døme på ein formel er formelen for arealet A av ein trekant med grunnlinje g og høgde h.

A=g·h2

Oppgåve

Kan du skrive opp tre måtar vi bruker formlar på?

Løysing
  1. Vi kan setje inn tal på høgresida i ein formel og rekne ut. Til dømes kan vi rekne ut arealet av trekanten ved å setje inn tal for g og h i formelen over.

  2. Vi kan bruke formelen baklengs. Dersom vi har gitt arealet av trekanten og grunnlinja, kan vi rekne ut høgda ved å setje inn tal for dei storleikane vi kjenner. Då endar vi opp med ei likning som må løysast.

  3. I staden for å løyse ei likning i punkt 2 kan vi snu på formelen for å få han på forma  h= ...  Då kan vi rekne ut høgda direkte slik som vi gjer med arealet i punkt 1.

Du kan lese meir om formelrekning og gjere oppgåver ved å klikke på lenkjene under relatert innhald nedanfor. Lenkjene tek deg til sidene på Vg1.

Relatert innhald

Her ser vi at bruk av matematiske formlar kan føre til at vi må løyse ei likning.

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 26.05.2021

Læringsressursar

Likningar