Råvare, produksjon, sal og service (RM-KOS vg2)
Felles programfag saman med:Bransje og arbeidsliv (RM-KOS vg2)
Ville nyttevekstar i sjø og på land
I naturen finst det massevis av etande nyttevekstar som er både smakfulle og næringsrike. Vi må vite kva vi plukkar, for nokre vekstar er skadelege eller direkte giftige. I dette emnet vil vi presentere nokre av dei vanlegaste nyttevekstane, og du får lære om hausting og tillaging.
Ville nyttevekstar
På tur i skog og mark kan du plukke med deg av naturen sitt eige spiskammer: geitrams, lindeblomstrar, mjødurt, skvallerkål, marikåpe, nyper, granskot, brennesle og gaukesyre er døme på etelege nyttevekstar som både smakar godt og er næringsrike.