Hopp til innhald
Oppgåve

Ville nyttevekstar – sanking og produksjon

I dette prosjektet skal elevane utforske og lære om dei etande, ville nyttevekstane som veks i naturen rundt oss, og korleis dei kan brukast i herlege matrettar. Elevane skal jobbe i grupper og sanke plantar, finne oppskrifter og produsere rettar.

Informasjon om oppgåva

De bør gjennomføre prosjektet mens det er sesong for ville nyttevekstar, altså i tidsrommet april–mai.

Læraren bør gå gjennom temaet om etande, ville nyttevekstar før elevane går ut og sankar plantar. Klassen blir delt inn i grupper på tre eller fire elevar. Kvar gruppe skal finne oppskrifter og lage rettar av nyttevekstane. Til slutt i prosjektet skal gruppene presentere rettane og nyttevekstane for resten av klassen, og i tillegg skal dei lage eit felles oppskriftshefte.

Elevane kan gjerne fotografere undervegs i prosessen og bruke bileta i presentasjonen og oppskriftsheftet.

Dag 1. Teoretisk del

Læraren informerer om prosjektet og gjennomgår teori om ville nyttevekstar. Klassen blir delt inn i grupper, og kvar gruppe får tildelt planten sin. Gruppene skal finne faktum om planten og lage ein presentasjon som dei skal halde for resten av klassen til slutt i prosjektet.

Gruppeinndeling:

  • gruppe 1: geitrams

  • gruppe 2: skvallerkål

  • gruppe 3: løvetann

  • gruppe 4: brennesle (Hugs at det gjer vondt å komme i kontakt med denne planten, bruk derfor hanskar ved plukking, og han må ikkje etast rå.)

Dag 2. Første økt

Sanking av nyttevekstar

  • Klassen finn ein eigna stad å sanke nyttevekstar på. Alle gruppene må passe på at dei får sanka nok av planten sin. Ha gjerne med eit bilete av planten de skal sanke, slik at de kjenner han igjen. De må vere sikre på kva de plukkar, og ikkje smake på noko de ikkje veit kva er.

  • Bruk gjerne plastposar som kan lukkast/knytast til å oppbevare plantane i, og legg dei kaldt i kjøleskapet til dagen dei skal brukast.

  • Gruppene konkurrerer om å dekorere det mest innbydande bordet, så de skal òg samle inn røter, bær og greiner til dekorasjon mens de er ute på sanking.

Dag 2. Andre økt

Førebuing til kjøkkenøkt

  • Kvar gruppe skal lage ein meny og finne oppskrifter som passar til nyttevekstane de har sanka. De skal sjølve velje kva rettar de skal lage, men det må vere minst tre rettar i menyen. De bør tenke kreativt og bruke planten på ulike måtar som til dømes til aperitiff, salat, marinade, saus, pesto, suppe, omelett, bakverk, dessertar, drikke eller som ein eigen rett. Læraren oppgir kva for nokre andre hovudråvarer og basisvarer de kan bruke.

  • Kvar gruppe lagar ein detaljert arbeidsplan og ein plan for dekking av bordet.

Dag 3. Kjøkkenøkt

  • Kvar gruppe lagar menyen som planlagt.
  • Kvar gruppe dekker opp eit bord som passar til menyen. Dekorer bordet med det de har funne i naturen.
  • Presenter rettane på ein buffé, og smak på rettane til kvarandre. Korleis synest de det smakte? Var det noko som var overraskande?

  • Læraren er dommar og avslører kva for ei av gruppene som har dekt og pynta det mest innbydande bordet.

Dag 4

Presentasjon og refleksjon

  • Kvar gruppe presenterer faktum om nyttevekstane og rettane som vart laga.
  • Klassen samlar oppskriftene som gruppene har brukt, og lagar eit felles oppskriftshefte.

Reflekter saman i klassen:

  • Kor berekraftig er det å bruke ville nyttevekstar i matlaginga?

  • Kva har de lært av prosjektet?

  • Kva var bra, og kva kunne vore betre?

  • Kjem de til å sanke og bruke ville nyttevekstar i matlaginga fleire gonger?

CC BY-SA 4.0Skrive av Unni Kulhuset Granheim, Hege Resell Amdahl, Cathrine Stavnes og Martin Sveen.
Sist fagleg oppdatert 29.05.2024