Eltetid på gjærdeig
Lag ein gjærdeig av
- 800 g sikta kveitemjøl
- 5 dl vatn (ca. 20 °C)
- 25 g fersk gjær (eller 10 g tørrgjær)
- 10 g salt
Bland saman alle ingrediensane og elt deigen ved sakte fart i ca. 2 minutt og deretter ved større fart i ca. 2 minutt. Kjenn på deigen og vurder om han verkar elastisk og smidig. Set deigen til heving tildekt i 30 minutt.
Lag så deigemne på 120 g og trill dei til runde bollar. Vurder om deigen er god å jobbe med. Kvil deigemna under eit klede i 10 minutt før du formar dei til avlange bagettar, set dei på ei smurd plate og set dei til etterheving. La dei heve til dobbel storleik før du steikjer dei i forvarma omn.
- Var deigen god å jobbe med?
- Kor lang tid måtte bagettane heve før dei var klare til steiking?
- Vart resultatet bra?
Lag ein gjærdeig av
- 800 g sikta kveitemjøl
- 5 dl vatn (ca. 20 °C)
- 25 g fersk gjær (eller 10 g tørrgjær)
- 10 g salt
Bland saman alle ingrediensane og elt deigen ved sakte fart i ca. 4 minutt og deretter ved større fart i ca. 8 minutt. Kjenn på deigen og vurder om han verkar elastisk og smidig. Set deigen til heving tildekt i 30 minutt.
Lag så deigemne på 120 g og trill dei til runde bollar. Vurder om deigen er god å jobbe med. Kvil deigemna under eit klede i 10 minutt før du formar dei til avlange bagettar, set dei på ei smurd plate og set dei til etterheving. La dei heve til dobbel storleik før du steikjer dei i forvarma omn.
- Var deigen god å jobbe med?
- Kor lang tid måtte bagettane heve før dei var klare til steiking?
- Vart resultatet bra?
- Kva for ein av framgangsmåtane gav mest elastisk deig?
- Var det nokon forskjell på kor lang tid bagettane måtte etterheve for å nå dobbel storleik?
- Kva for ein av framgangsmåtane gav best resultat?