Hopp til innhald

Fagstoff

Brød og berekraft

Ifølgje NRK kastar norske hushald cirka 65 millionar brød kvart år. Det er lite berekraftig å kaste mat, derfor er det viktig å finne måtar som gjer at minst mogleg brød går i søpla.
I bakgrunnen av biletet er det ein stor søppelhaug der ein person sorterer søppel. I framgrunnen er det samla matsøppel, mellom anna brød, vaflar, frukt, kjøtprodukt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På eit kjøkken kan vi gjere ulike grep for å unngå å kaste brødvarer.

Brødkrutongar

Brødkrutongar som blir steikte i ei steikjepanne. Foto.

Vi kan dele opp både grovt, fint, søtt og usøtt brød i terningar og tørke det. Her er det mogleg å tilsetje salt, krydder og eventuell olje/smør, alt etter kva vi tenkjer å nytte brødkrutongane til.

Døme 1

Vi kan dele restar av bollar, steikje det i litt smør og blande det med kanel og sukker før vi tørkar det i omn på svak varme. Passar som tilbehøyr til dessertar, anten som terningar eller knust til strø.

Døme 2

Vi kan dele restar av usøta brød i terningar, blande det med litt olivenolje, urter og salt før vi tørkar det i omn på svak varme. Passar som tilbehøyr til supper, i salatar og kalde forrettar. Kan òg bli knust og nytta som brødrasp til paneringar.

Lettsteikte brød

På bensinstasjonar, hotell og fleire daglegvarebutikkar blir det nytta såkalla "bake-off-produkt". Det er anten lettsteikte eller usteikte deigemne som treng å steikje ferdig i omnen. Dette er enkelt å lage sjølv. Då lagar du eit vanleg brød der du set eit termometer i brødet etter cirka 15 minutt av steikinga (når brødet har fått litt farge). Steik brødet til temperaturen er 95 gradar i kjernen av brødet. Brødet er då ferdig steikt, men skorpa er enno ikkje danna ferdig. Frys inn brødet når det er avkjølt. Når dette brødet skal nyttast, må vi tine det på kjøl og steikje det i cirka 10 minutt for å få sprø skorpe. På denne måten kan du enklare styre kor mange brød du vil ha ferdig til kvar tid.

Tørre brød som mjøl

Når du tørkar brød og knuser dei i ein foodprosessor, får du brødrasp. Brødraspet kan tilførast deigar som erstatning for vanleg mjøl. Dette gir brødet ein god smak, men du må vere obs på at du kanskje må tilføre ekstra væske. Det er ikkje tilrådd å nytte for stor del brødrasp i ein gjærdeig.

Tørre brød i rettar

Til arme riddarar, ostesmørbrød eller bruschetta kan vi nytte brød som har stått nokre dagar. Desse produkta skal anten dynkast i egg/mjølk eller penslast med olje/smør og gratinerast. Då kan vi med fordel nytte litt tørt brød.

Tre bruschetta med spekeskinke og tomat, pynta med basilikum. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelde

Rødseth, C. (Programleiar). (2019, 20. november). Tirils brødsjokk.[Episode i TV-serie]. Matsjokket. NRK. https://tv.nrk.no/serie/matsjokket/2019/mdny13000419/avspiller

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 04.11.2020

Læringsressursar

Deigar