Hopp til innhald

Fagstoff

Bakarmeisteren og bakeprosessen

Bakarmeister Knut Hammeren ønskjer å dele kunnskapen sin om korleis du lykkast med gjærbakst. Tida frå du opnar mjølposen til du anten timar eller dagar seinare kan ete eit saftig grovbrød eller ein nydeleg kveitebolle, er ein prosess – bakeprosessen.
En mann i bakeklede teiknar med tusj på flisene på veggen mens han gestikulerer med hendene. Han har teikna to brød. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ord frå bakarmeisteren

Hei!

Eg heiter Knut.

Eg har vore så heldig at eg har fått drive med konkurransar heilt sidan eg starta som lærling for 30 år sidan. I 19 av desse åra har eg samtidig jobba som fagkonsulent og dei siste åra som prøvebakar hos Lantmännen Cerealia AS, som lagar Regal mjøl. Eg byrja som ung bakar og enda opp som trenar for det norske Bakerlandslaget. Noko edelt metall og pokalar har det vorte på desse åra. Det viktigaste for meg har likevel vore den kunnskapen og erfaringa eg har fått ved å arbeide med mjøl.

Har du lyst til å vite korleis eg tenkjer når eg baker? Det vil eg gjerne vise deg. Bli med, då vel!

Del 1. Frå mjøl til ein smidig deig

Del 2. Frå deig via oppslag til ferdig steikt brød

CC BY-SASkrive av Knut Hammeren og Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 02.12.2020

Læringsressursar

Deigar