Hopp til innhald

Fagstoff

Butterdeig

Ein butterdeig er ein lagdelt deig der hovuddeigen ikkje inneheld gjær. Det er lagdelinga mellom smør og deig som gjer at produktet hevar seg. I ein butterdeig kjevlar og brettar vi slik at ein har omtrent 256 lag med deig/smør.
Innbakt chèvre i butterdeig. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Butterdeig

Framgangsmåte

  • Bland forsiktig saman alle ingrediensen med eltemaskin, tresleiv eller for hand.
  • Sett deigen på kjøl, og la han stå der mens du klappar smøret til ein firkant.
  • Kjevle så deigen til ein firkant som er litt større enn smøret.
  • Brett inn smøret slik at det er like mykje deig under smøret som over.
  • Kjevle deretter deigen slik at du kan brette deigen i fire lag.
  • La deigen kvile i kjøleskap i minst 20 minutt.
  • Ta ut deigen og gjenta prosedyren tre gonger.
  • Deigen blir best å jobbe med om han får kvile til neste dag på kjøl.
CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2020

Læringsressursar

Deigar