Råvare, produksjon, sal og service (RM-KOS vg2)
Felles programfag saman med:Bransje og arbeidsliv (RM-KOS vg2)
Korn og baking
Nysteikt, duftande gjærbakst og saftige kaker ... Av korn kan vi lage dei lekraste saker. I dette emnet kan du lære meir om dei ulike deigane og massane innan baking.
Massar
Ein masse er ei flytande røre som kan vere anten tjukk eller tynn. Massar blir delte inn i piska massar, rørte massar, forvella massar og råmassar. Av dei ulike massane produserer vi kaker.