Hopp til innhald
Film og filmklipp

Charlotte

Charlotte er ei kake med lange tradisjonar i det europeiske kjøkkenet. Det finst fleire variantar, og ho eignar seg både som dessert og på eit kakebord.

Framgangsmåte

  • Dekk ei form i botnen og på sidene med til dømes rullekakeskiver, kjeks, vaflar eller makronar. Bakverket må skjerast og leggjast slik at forma blir heilt dekt, og det blir eit fint mønster.
  • Fyll forma med fromasj, pudding eller krem tilsett gelatin. Charlotten blir kjølt ned og kvelva før servering. Kle gjerne forma med plastfolie før du legg i rullekakeskiver eller det du skal bruke. Då er det lett å få kvelva charlotten ut før servering.

Video

I denne videoen får du sjå ein variant av charlotte.

Video: Amendor AS / CC BY-SA 4.0
CC BY-SA 4.0Skrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019