Hopp til innhald

Fagstoff

Risikoanalyse

Risikoanalyse er grunnmuren i sikkerheitsarbeidet. I ein risikoanalyse kartlegg bedrifta ulike uønskte hendingar som kan inntreffe. Neste gong du ser nyheiter om uønskte hendingar, lytt nøye. Truleg får du høyre ord som risiko, risikovurdering, gjennomgang av rutinar og iverksetjing av tiltak.
Fjellklatrer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Risikoanalyse

Risikoanalyse er ein metode med fleire steg. Talet på steg er som regel avhengig av kor komplisert arbeidsprosessen eller verksemda er. Her har vi valt seks steg som inkluderer tiltak:

  1. Kartleggje uønskte hendingar
  2. Vurdere kor sannsynleg det er at den uønskte hendinga skal skje
  3. Vurdere konsekvensane av den uønskte hendinga dersom ho skjer
  4. Beskrive risikonivået
  5. Foreslå sikringstiltak (tiltaksplan)
  6. Innføre og kontrollere sikringstiltaka (gjennomføre og følgje opp tiltaksplanen)

Dei første fire punkta skal vi sjå nærmare på no.

1. Kartleggje uønskte hendingar

Under første punkt skal vi kartleggje kva uønskte hendingar som kan skje, kvar og når. Med uønskte hendingar meiner vi både skadar på materielle verdiar (ting, bygningar) og tap av omdømme, liv og helse (menneske).

Kva slags uønskte hendingar ønskjer ei verksemd å hindre? Kanskje:

  • brann
  • tjuveri, ran, innbrot
  • mobbing og høgt sjukefråvær
  • hærverk, sabotasje, spionasje
  • vasskadar, straumbrot, datasnoking
  • svinn, svindel, underslag
  • ulykker, dødsfall, akutt sjukdom, rusmisbruk
  • negativ omtale, sviktande omsetning, fare for konkurs

Etter å ha kartlagt alle uønskte hendingar vel vi ut dei vi meiner er dei viktigaste, og vurderer sannsyn og konsekvens for dei.

2. Vurdere kor sannsynleg det er at den uønskte hendinga skal skje

Sannsyn er kor stor sjanse det er for at den uønskte hendinga kan skje, medan konsekvens er kva som går gale – eller kva resultatet blir – dersom den uønskte hendinga skjer.

Vi kan illustrere samanhengen mellom sannsyn og konsekvens slik:

Før uønskt hending og etter uønskt hending. Illustrasjon

Sannsyn kan delast inn i fleire gradar eller nivå. Eit alternativ er denne inndelinga:

Sannsyn

Grad av sannsyn

Forklaring

Svært usannsynleg = 1

Har aldri skjedd

Sannsynleg = 2

Har skjedd 1–5 gonger

Svært sannsynleg = 3

Har skjedd meir enn 5 gonger

3. Vurdere konsekvensane av uønskt hending dersom ho skjer

Ei konsekvensvurdering er å stille spørsmålet «Kva kan bli resultatet dersom ei uønskt hending skulle skje?». Konsekvens blir ofte rekna i økonomiske verdiar eller tap.

Kva blir til dømes konsekvensane av eit innbrot i butikken vår? Dersom verksemda allereie har gode sikringstiltak, blir konsekvensane små. Dersom butikken derimot ikkje har gitter framfor døra og ingen alarm, men dårlege rutinar for å stengje vindauge og låse dørene, blir konsekvensane store.

Vi kan – som for sannsyn – lage ei inndeling med tre nivå for konsekvensar.

KOnsekvens

Grad av konsekvens

Forklaring

Liten konsekvens = 1

Ingen eller små økonomiske tap og/eller skade på menneske

Middels konsekvens = 2

Noko økonomisk tap og/eller noko skade på menneske

Stor konsekvens = 3

Stort økonomisk tap og/eller store skadar på menneske, ev. dødsfall

4. Beskrive risikonivået

Når vi har vurdert gradane av sannsyn og konsekvens, kan vi beskrive risikonivået. Då bruker vi ein enkel formel:

risiko=sannsyn×konsekvens

Risiko blir gjerne gradert med fargane grøn, gul og raud. Grøn betyr ingen fare. Gul betyr at ein må vere merksam på risikoen, men at han er akseptabel. Raudt betyr fare. Risikoen er då høg og ikkje akseptabel. Det må setjast inn tiltak med ein gong.

Skjema for risikovurdering

I arbeidet med ein risikoanalyse bruker ein gjerne eit skjema for risikovurdering av ei hending.

Relatert innhald

Ein skadepyramide er ein vanleg måte å illustrere talet på skadar på. Skadepyramiden skildrar korleis ein skade kan oppstå og utvikle seg.

CC BY-SASkrive av Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 29.03.2021

Læringsressursar

Datatryggleik