Les fagstoffet om autentisering og søk på nettet for å svare på desse spørsmåla.
- Lag ei liste over dei ulike autentiseringsmetodane du bruker i løpet av ein dag. Hugs at autentisering ikkje nødvendigvis berre gjeld datasystem.
- Kva metode for autentisering opplever du som mest påliteleg?
- Er det autentiseringsmetodar du unngår å bruke? Eventuelt kvifor?
- Vi er stort sett veldig dårlege til å lage gode passord. Søk på nettet, og finn ut kva som er dei vanlegaste passorda på engelsk.
- Nokre bruker fingermønster på skjerm for å låse opp mobiltelefonen. Søk på nettet for å finne ut kor trygg eller utrygg slik pålogging er.
- Mange bruker fingeravtrykk eller ansiktsattkjenning. Kor gode er desse som autentiseringsmetodar, og i kva tilfelle fungerer dei ikkje så godt?
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2020