Hopp til innhald

Fagartikkel

Skadepyramiden

Talet på små uhell er høgt samanlikna med talet på verkelege katastrofar. Vi bør likevel vere klar over at dersom vi får ned talet på mindre alvorlege ulykker, reduserer vi samtidig risikoen for at det skal skje ein verkeleg stor katastrofe.

LK20LK06
Mann står usikra på kanten av eit stilas. Foto.

Ein skadepyramide er ein vanleg måte å illustrere talet på skadar på. Skadepyramiden skildrar korleis ein skade kan oppstå og utvikle seg. En skadepyramiden skildrar dei statistiske forholda: frå mange små hendingar via skadar og ulykker til ein katastrofe.

Skadepyramiden der nederste del har teksten 1000 små hendingar. Over står 100 skadar og over der igjen 10 ulykker. Øverst står 1 katastrofe. Illustrasjon.

skadepyramide

For å unngå ein katastrofe må vi starte med å «luke ut» dei små uhella eller hendingane. Vi må med andre ord «krympe» pyramiden.

Vi krympar pyramiden ved å redusere talet på små hendingar. Når talet på små hendingar går ned, får vi færre skadar, færre ulykker, og vi unngår vonleg ein katastrofe.

Ein krympa skadepyramide der det på boten står 900 små hendingar, i midten 90 skadar og på toppen 9 ulykker. Illustrasjon.

«krympa» skadepyramide

Tenk over


Ein sjef i eit vegtransportfirma sa: Vi har så mange små trafikkskadar med bilane våre at eg er redd for at vi snart får ei dødsulykke. Kva tiltak kan bedrifta gjere for å redusere talet på trafikkskadar?

Sist oppdatert 29.03.2021
Skrive av Monica Gjertsen Steinbakken
Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS

Læringsressursar

Datatryggleik