Grunnleggjande omgrep og samanhengar
2.1.1
Korleis definerer vi
a) ei linje?
vis fasit
Ei linje inneheld uendeleg mange punkt. Linja har ei uendeleg utstrekning i begge retningar.
b) eit linjestykke?
vis fasit
Eit linjestykke er ein del av ei linje og er avgrensa av to endepunkt.
c) ein stråle?
vis fasit
Ein stråle er ein del av ei linje og er avgrensa av eitt endepunkt. Strålen har uendeleg utstrekning i éi retning.
2.1.2
Teikn ein rett, ein spiss og ein stump vinkel.
vis fasit
Ein rett vinkel er .
Ein spiss vinkel er mindre enn .
Ein stump vinkel er større enn .
2.1.3
a) Teikn to komplementvinklar.
vis fasit
b) Teikn to supplementvinklar.
vis fasit
2.1.4
Set saman omgrep og forklaring
Geometrisk omgrep | Forklaring | ||||
---|---|---|---|---|---|
1 | Punkt | a | Inneheld uendeleg mange punkt, har uendeleg utstrekning i éi retning | ||
2 | Linje | b | Avgrensa av to endepunkt | ||
3 | Linjestykke | c | Har inga utstrekning, men har ein bestemt posisjon | ||
4 | Stråle | d | Inneheld uendeleg mange punkt, har uendeleg utstrekning i begge retningar | ||
5 | Plan | e | Har uendeleg utstrekning i to dimensjonar |
vis fasit
1c, 2d, 3b, 4a, 5e