Hopp til innhald

Feltarbeid

Undersøkingar i felt er grunnlaget for kunnskapane vi har om samspelet mellom organismane og det miljøet dei lever i. I felt skal de gjere eigne observasjonar og bruke desse til å sjå samanhengar i økosystem.

Om feltarbeid

Feltarbeid gir både erfaringar og materiell som kjem til nytte i mange delar av biologifaget. For å få best mogleg utbytte av feltarbeidet må du leggje ein god plan og vite litt om arbeidsmetodar, teknikkar og systematikk.