Hopp til innhald
Oppgåve

Oppgåver om autentisering

Les fagstoffet om autentisering og søk på nettet for å svare på desse spørsmåla.
  1. Lag ei liste over dei ulike autentiseringsmetodane du bruker i løpet av ein dag. Hugs at autentisering ikkje nødvendigvis berre gjeld datasystem.
  2. Kva metode for autentisering opplever du som mest påliteleg?
  3. Er det autentiseringsmetodar du unngår å bruke? Eventuelt kvifor?
  4. Vi er stort sett veldig dårlege til å lage gode passord. Søk på nettet, og finn ut kva som er dei vanlegaste passorda på engelsk.
  5. Nokre bruker fingermønster på skjerm for å låse opp mobiltelefonen. Søk på nettet for å finne ut kor trygg eller utrygg slik pålogging er.
  6. Mange bruker fingeravtrykk eller ansiktsattkjenning. Kor gode er desse som autentiseringsmetodar, og i kva tilfelle fungerer dei ikkje så godt?

Relatert innhald

Fagstoff
Korleis autentiserer vi oss?

Vi kan autentisere oss på mange måtar når vi skal bruke datasystem. Kvar av desse har sine fordelar og ulemper.