Hopp til innhald

Oppgåve

Gruppeoppgåve om utpressing på nett

Diskuter i mindre grupper og svar på spørsmåla under. Svara skal vere generelle og bør ikkje vere av personleg karakter.

LK20
Ensom person ved havet. Foto.
  1. Lag ei liste over ulik informasjon (sann eller usann) som de meiner kunne vorte brukt til utpressing av ein vanleg ungdom på 15–20 år.
  2. Har kjønn noko å seie for kva slags informasjon som kan brukast til utpressing? Grunngi svaret.
  3. Kva type informasjon meiner de kan vere mest effektiv for utpressing og kvifor?
  4. Trur de ungdom er spesielt utsette for utpressing? Kvifor/kvifor ikkje?
  5. Kva trur de ein utpressar kan krevje av offeret sitt?
  6. Kva kan skje viss offeret ikkje gir utpressaren det han/ho ønskjer? Kva kan skje viss offeret lèt seg presse?
  7. Utpressing skjer i stor grad på internett. Kvifor trur de at det er slik?
  8. Kvifor bør ein snakke med nokon ein stoler på viss ein blir utsett for utpressing?
Sist oppdatert 15.06.2020
Skrive av Tron Bårdgård

Læringsressursar

Datatryggleik