Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver om fysisk og logisk sikkerheit

I desse oppgåvene skal du setje deg nærare inn i fysisk og logisk sikkerheit.
Sikkerheitsvakt sit framfor mange skjermar med video frå overvakingskamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Kva sikkerheitstiltak er det du bruker og opplever oftast i din kvardag?
  2. Lag ei liste over sikkerheitstiltak som kan innførast i ei bedrift. Sorter dei i kategoriane fysisk og logisk sikkerheit.
  3. Ta lista frå oppgåve 2, og vurder følgjande kriterium for kvart moglege tiltak: kva kostnaden er, kor effektivt tiltaket er, og kor plagsamt eller påtrengjande tiltaket vil vere for dei tilsette.
  4. Menneske blir ofte rekna som det svakaste leddet innan sikkerheit. Gå gjennom tiltakslista di frå oppgåve 3, og forsøk å finne metodar uvedkomande kan bruke for å omgå sikkerheitstiltaket.
  5. Har du nokon gong klart å låse deg sjølv inne nokon stad? Viss ja: Kva var det som gjorde det mogleg?
  6. Dei fleste dørlåsar er laga slik at du treng nøkkel for å kome deg inn. Men viss du først er inne, treng du som oftast ikkje nøkkel for å kome deg ut. Kvifor er det slik?

Relatert innhald

Fysisk sikkerheit handlar om alle fysiske tiltak og truslar, og logisk sikkerheit omfattar det som skjer inne i datasystema.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 08.07.2020

Læringsressursar

Datatryggleik