Hopp til innhald

Fagartikkel

Vurdere risiko

Å vurdere risiko er noko vi menneske gjer automatisk. Det held oss trygge og hindrar oss i å ta for store sjansar. Når vi arbeider med prosjekt, med produksjon eller i bedrifter, er risikoanalyse naudsynt for å sikre liv, helse, miljø. verdiar og omdømme.

LK20
Ein fjellklatrar kviler på ei lita hylle. Han har klatreutstyr og tau som sikrar han. Foto.

Var dette ein god idé? Med riktig sikringsutstyr: ja. Utan: nei.

Å vurdere risiko er ei evne vi lærer oss i oppveksten, og ho er avgjerande for å overleve. Når vi står overfor ein ny situasjon, vurderer vi kor farleg han er, og kva vi oppnår ved å ta risikoen han medfører. Ofte skadar folk seg fordi dei anten ikkje vurderer risikoen, eller fordi dei feilvurderer risikoen. Nokre gonger vurderer vi òg situasjonar som farlegare enn dei faktisk er, og unngår dei sjølv om dei er ufarlege og kanskje kunne gitt oss fordelar.

Tenk deg at du seint ein kveld går forbi eit gammalt hus der det ikkje bur nokon. Du stoppar opp og ser at det kjem røyk ut av eit vindauge i andre etasje. Kva gjer du? Ville du brote deg inn i huset for å sjå etter folk? Ville du prøvd å sløkkje brannen, eller ville du halde deg utanfor og ringt brannvesenet?

Ville valet ditt vore annleis viss du hadde visst at nokon budde i huset? Kva om du kunne sjå flammar? Kva om det var nabohuset ditt?

Omgrep vi bruker

Hending

Ei hending er ein avgrensa og spesifikk situasjon som kan oppstå eller har oppstått. Til dømes kan vi seie at eit straumbrot under ein konsert er ei hending.

Risiko

Risiko er ei totalvurdering av sannsynet for at ei hending vil oppstå, og av konsekvensane ho vil ha for liv, helse, miljø, verdiar eller omdømme. Til dømes er det veldig lite sannsynleg at eit fly vil krasje. Men viss det skjer, er konsekvensane veldig store. Ved å sjå sannsyn og konsekvens i samanheng, får vi den totale risikoen vi tek ved å flyge.

Sannsyn

Flygande romskip som ser ut som ein tallerken. Foto.

Kor sannsynleg er det at ei hending oppstår?

Det er mogleg at romvesen kjem i romskip i morgon og tek over verda med makt. Vi kan ikkje sjå bort frå det som ei mogleg hending. Men sannsynet for at det skal skje, er særs liten.

Vi kan seie at sannsynet er lite ut frå tidlegare erfaring. Vi har aldri opplevd noko liknande før. Vi har heller ingen klare bevis for at det i det heile finst utanomjordisk liv.

På den andre sida kan vi seie at sannsynet for at lyn startar ein skogbrann, er moderat. Vi har nemleg døme som fortel oss kor sannsynleg ei slik hending er.

Konsekvens

Kva skjer som ei følgje av at ei hending oppstår, og kor skadeleg er det for liv, helse, miljø, verdiar eller omdømme?

Vi lærer av tidlegare hendingar og bruker denne kunnskapen til å vurdere konsekvensen av moglege framtidige hendingar. Dei fleste har prøvd å brenne seg på noko varmt. Det er smertefullt og kan lett gi varige hudskadar, noko som lærer oss å vere forsiktige med varme gjenstandar. Konsekvensen ved å vere uforsiktig er for stor.

Verktøy for vurdering av risiko

Som tidlegare nemnt vurderer vi menneske automatisk risiko når vi står overfor nye situasjonar og hendingar. Men når vi arbeider med prosjekt, med produksjon eller i bedrifter, treng vi ofte litt hjelp for å gjere eit godt og heilskapleg sikkerheitsarbeid. Ein viktig del av dette er ein strukturert risikoanalyse. Denne tek utgangspunkt i dei same prosessane som risikovurderinga vi automatisk gjer som privatpersonar. Men ho konkretiserer prosessane skriftleg og hjelper oss med å prioritere det proaktive arbeidet, altså det arbeidet vi gjer for å sikre oss mot moglege framtidige hendingar.

Sist oppdatert 10.03.2022
Skrive av Tron Bårdgård

Læringsressursar

Datatryggleik