Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er kulturkompetanse?

Sosialantropologen Håkon Fyhn forklarer omgrepet, og vi møter Yamin Meskayar som flykta frå Afghanistan til Noreg. I tillegg forklarer ungdommar kva dei legg i kulturkompetanse, og du kan reflektere over kva omgrepet betyr for deg som fagarbeidar.

Oppgåver

  1. I litteraturen blir brukt det fleire omgrep for kulturkompetanse. I filmen blir omgrepet "interkulturell kompetanse" brukt. Kompetanse handlar om at du må kunne noko eller vere i stand til å gjere noko. Forklar kva du må kunne, og kva du må vere i stand til å gjere for å ha kulturkompetanse/interkulturell kompetanse.

  2. Kva verdiar og haldningar må du ha for å kunne utvikle kulturkompetanse?

  3. Vi har mest kunnskap om kulturen vi veks opp i, men folk uttrykkjer seg ulikt frå land til land, og frå kultur til kultur. Korleis kan du bli kjend med andre kulturar?

  4. Kvifor kan det oppstå misforståingar i møte med menneske frå andre kulturar?

  5. Kulturkompetanse betyr ikkje at vi skal akseptere alt og godkjenne det som riktig, sjølv om det tilhøyrer kulturen. Kva betyr det?
  6. Korleis kan du vise at du forstår og anerkjenner at andre har ein kultur med andre verdiar og ei anna verdsforståing enn det du sjølv har?
  7. Mangfald og gjensidig respekt, kva betyr det?
  8. Korleis kan du jobbe for at alle barn, uansett kulturtilhøyrsel, kjenner seg sett og anerkjent for den dei er?
  9. Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar synleggjere plassen til den enkelte, og at alle er verdifulle i fellesskapet?
  10. Kva kan du gjere for å støtte og styrke kulturkompetansen til barn?

    1. Kva kan du gjere for at barn skal få oppleve at det finst mange måtar å tenkje, handle og leve på?

    2. Korleis kan du bruke mangfald i barnehage/SFO som ein ressurs i arbeidet ditt? Lag ei liste over kva du vil gjere for å synleggjere mangfald.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2021

Læringsressursar

Sosial kompetanse og kulturkompetanse