Hopp til innhald

Fagstoff

Kulturkompetanse

Vi bur i eit fleirkulturelt samfunn, og som barne- og ungdomsarbeidar vil du møte barn og unge frå mange ulike kulturar. Det betyr at du må ha kulturkompetanse.
Seks gutar i barneskulealder held rundt kvarandre og smiler mot fotografen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er kulturkompetanse?

Kulturkompetanse handlar om den kunnskapen, dei verdiane og dei veremåtane vi tileignar oss som medlemmer av eit samfunn. I litteraturen vil du finne ulike omgrep, som krysskulturell kompetanse, interkulturell kompetanse og etnisk kompetanse, og dei betyr stort sett det same: Sjølv om vi menneske kan kome frå svært ulike kulturar, skal vi møte kvarandre med likeverd og respekt.

For å utvikle kulturkompetanse er det først og fremst viktig at du er medviten din eigen kultur. Kva kunnskap har du om din eigen kultur, kva verdiar og veremåte representerer du? Kva kjenneteiknar kulturen din?

Vidare handlar kulturkompetanse om at du skal tileigne deg kunnskap om dei kulturelle verdiane i ulike grupper, normer og veremåtar. Du må sjølv vere aktiv for å skaffe deg faktakunnskap om dei kulturelle tradisjonane til andre.

Alt arbeid med å utvikle kulturkompetanse skal ha som hovudmål å fremje respekt, interesse og toleranse.

Kultursensitivitet

Kulturkompetanse inneber at du har utvikla evna til å møte barn og unge frå ulike kulturar med respekt. Du har ei open og undersøkjande haldning, ei fordomsfri åtferd og du skaper gode relasjonar med menneske frå andre kulturar. Då har du det som kallast ein kultursensitiv veremåte – du viser empati i møte med kulturen til andre.

For å kunne vise kultursensitivitet i møte med barn og unge må du sjå situasjonar frå deira ståstad. Når du har skaffa deg informasjon om kulturen til barnet, vil du òg kunne forstå at vi menneske har ulike oppfatningar, verdiar, reglar og normer. Haldninga di gjer at du handlar slik at verdiane og perspektiva til barnet blir varetekne, og kommunikasjonen med barnet blir prega av tryggleik og respekt.

Kulturkompetanse kjempar mot rasisme

Ein kulturkompetent person har ei grunnleggjande forståing av forskjellane som finst mellom oss menneske, og anerkjenner og respekterer desse forskjellane. Vi skal vise empati og prøve å leve oss inn i andre sine kulturar for å lære og for å forstå, men det betyr ikkje at vi skal oppgi vår eigen kultur.

Ved å møte ulike kulturar og verdisyn med toleranse og eit ope sinn blir det kulturelle medvitet vårt utvikla. Det kan vere med på å kjempe mot fordommar, diskriminering og rasisme, og bidra til eit inkluderande demokratisk samfunn.

Tankekart der omgrepet kulturkompetanse står i midten, omringa av omgrepa kulturmedvit, kulturferdigheiter og kulturkunnskap. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du er ein rollemodell

Som barne- og ungdomsarbeidar er du ein rollemodell. Barn og unge ser kva du gjer og tek etter deg. Derfor må du vise at du har gode haldningar, og at du er interessert i menneske med annan kulturell bakgrunn.

Når du observerer og reflekterer over veremåten og kulturen til andre menneske, og møter andre med anerkjenning og respekt, blir det fanga opp av barn og unge som du jobbar med. På den måten er du med på å fremje inkludering og likeverd.

I eit demokratisk samfunn har alle like rettar og moglegheiter, anten ein tilhøyrer ein minoritet eller majoritet. I tillegg har alle menneske, uansett kva kultur dei har vakse opp i, moglegheita til å ta vare på den etniske identiteten sin dersom dei ønskjer det.

I 2017 kom filmsnutten #JegErDansk (YouTube.com), som er ei oppmoding til politikarar om å vise kulturkompetanse og kultursensitivitet.

Utfordringar til deg

  1. Kva blir meint med kulturkompetanse?

  2. Kva blir meint med kultursensitivitet?

  3. Korleis vil du beskrive ein kulturkompetent person?

Kjelder

Lidèn, H. (2007). Barn og migrasjon. Mobilitet og tilhørighet. Universitetsforlaget.

Rigi, G. (2017). Kulturell kompetanse i grunnskolen. [Masteroppgåve]. Universitetet i Oslo. https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/58169/1/kulturell-kompetanse-i-grunnskolen.PDF

Sundfjord, S. (2019). Integrering av kulturkompetanse. UiT Noregs arktiske universitet. https://uit.no/prosjekter/prosjektsub?p_document_id=349411&sub_id=426087

Thunem, G. (u.å.). Fleirkulturell forståing og kommunikasjon. Bibliotekutvikling.no. https://bibliotekutvikling.no/konflikthandteringibiblioteket/flerkulturell-forstaelse-og-kommunikasjon/


CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 26.05.2021

Læringsressursar

Sosial kompetanse og kulturkompetanse