Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Arranger internasjonal dag

Som barne- og ungdomsarbeidarar skal de jobbe for å synleggjere og fremje mangfaldet i ei barnegruppe. Det kan de øve på ved å arrangere ein internasjonal dag.
Eit lite barn sit med ein ball i fanget. Ballen ser ut som ein globus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Som barne- og ungdomsarbeidar vil du møte barn frå mange ulike nasjonar og kulturar. Alle pedagogiske institusjonar har eit felles mål om å vareta dette mangfaldet. Det er viktig at du medvitent jobbar for å utvikle det vi kallar for kulturkompetansen til barna, som mellom anna inkluderer det å respektere og akseptere ulike kulturar. Lykkast vi med det, vil barna kjenne seg trygge – uavhengig av kva kultur dei representerer.

For å styrkje eigen kulturkompetanse kan klassen arrangere ein internasjonal dag.

Arranger ein internasjonal dag med olympiske leikar

Den internasjonale dagen kan delast i to. Før lunsj kan kvar enkelt gruppe fortelje om sitt land. De kan òg arrangere ulike aktivitetar eller servere mat frå dei landa som gruppene har jobba med. Etter lunsj blir det olympiske leikar. Alt arbeidet bør dokumenterast med bilete undervegs.

Forarbeid

  1. Gå saman i grupper på tre–fire elevar. Vel dykk eit land de vil lære meir om. Vel gjerne eit land som er representert i klassen eller lokalmiljøet.

  2. Lag eit hefte med informasjon om det landet de har valt. Informasjonen skal vere slik at ein får lyst til å oppleve landet og kulturen. Det er ikkje alle stader vi kan reise til på grunn av krig eller katastrofar, men kulturen i landet kan likevel vere spennande og interessant. Heftet bør ha med faktaopplysningar om landet, i tillegg kan de få med

    • nasjonalsporten til landet

    • nasjonalretten til landet

    • nokre fakta om natur- og dyreliv

    • musikk frå landet

    • døme på tradisjonar

    • bilete og skildringar av tradisjonelle klesplagg

    • litt om barne- og ungdomskulturen (døme på eventyr, dansar, leikar, songar eller anna)

  3. Lag ein ting eller ta med noko som representerer landet, som de kan bruke som premie under olympiske leikar.

  4. Få tak i T-skjorter som representerer fargane i flagget og gå med desse under konkurransen.

  5. Bruk kunnskapen de har fått og planlegg ulike aktivitetar og leikar frå landa som de vil gjennomføre på den internasjonale dagen. Aktivitetane skal

    • gi best mogleg informasjon om det landet de har jobba med, slik at medelevane kan lære litt

    • gi medelevane lyst til å bli betre kjende med barn som kjem frå dette landet, og dersom de har ein medelev frå dette landet i klassen, skal han/ho bli stolt av landet sitt

    • vere eigna til å konkurrere i under "olympiske leikar" (hugs å lag tydelege reglar for korleis aktivitetane/leikane skal gjennomførast)

Gjennomføring

  1. Før lunsj finn kvar enkelt gruppe eit eigna område der dei kan stå og presentere landet sitt og vise aktivitetar som får fram barne- og ungdomskulturen til landet. Fortel om konkurransen som skal vere under olympiaden og del ut reglement til konkurrentane. Klassen går rundt frå gruppe til gruppe.

  2. Etter lunsj representerer kvar gruppe landet sitt i olympiaden. Landa marsjerer høgtideleg inn på den staden der dei olympiske leikane skal gå føre seg.

  3. Konkurranse bør vere slik at mens ein konkurrerer, så ser dei andre frå klassen på. Aktivitetane bør derfor ikkje vare så lenge. Lag ei rullering av kven som konkurrerer mot kven. Vinnaren får 1 poeng, taparen 0.

  4. Avslutt olympiaden med utdeling av premiar som de har laga. Del ut premiane på ein høgtideleg måte, til dømes ved at nasjonalsongen i landet blir spelt av, og kanskje kan de få rektor eller avdelingsleiar ved skulen til å dele ut prisen. Alle får ein premie, men ikkje frå sitt eige land.

Etterarbeid

  1. Set saman all dokumentasjon som de har samla undervegs til ein reportasje. Finn ut om reportasjen kan publiserast på nettsida til skulen.

  2. Bruk dokumentasjonen til å vurdere den internasjonale dagen, og reflekter over korleis ein slik dag kan vere med på å fremje kulturkompetanse.

Indiske gutar speler cricket. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Refleksjonsspørsmål

Korleis kan eit slikt opplegg som de no har jobba med

  • vere med på å fremje kulturkompetanse hos barn og unge?

  • fremje respekt og toleranse for ulike kulturar?

  • førebyggje konfliktar, framandfrykt og rasisme?

  • fremje fellesskap og tilhøyrsel i grupper?

  • skape ein trygg identitet?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 29.10.2021

Læringsressursar

Sosial kompetanse og kulturkompetanse