Hopp til innhald
Oppgåve

Utvikling av sosial kompetanse

Kunnskapen vår og haldningane og ferdigheitene våre har stor betydning for om vi lykkast med å vareta og fremje sosial kompetanse hos barnet. Å meistre det sosiale samspelet vil ha betydning for trivselen til barnet, og for læring og utvikling på alle område.

Det er inga enkel oppgåve å vere ein som skal hjelpe og støtte barn i den sosiale utviklinga. Vi må bestemme kva i kulturen vår vi vil vidareføre til barn og unge, og vi må ha ei forståing av korleis dette kan gjerast på ein formålstenleg måte slik at barn og unge utviklar eit godt sjølvbilete, ei god sjølvkjensle og sjølvtillit.

Vi vil møte enkelte barn og unge som har ei åtferd som kan vere svært lite føremålstenleg og uheldig for utviklinga, trivselen og den psykiske helsa deira. For å kunne hjelpe og støtte må vi derfor sjå etter kva samanhengar det er mellom omgivnadene og åtferda til barnet. Vi må forstå at dersom vi møter barn som har vanskar med den sosiale åtferda si, så kan vi sjølve vere ein del av årsaka. Vi må kunne vurdere situasjonen, reflektere og ta kloke val med tanke på trivselen, utviklinga og tryggleiken til barnet.

Oppgåve 1. Sosial kompetanse

  1. Kva er sosial kompetanse? Forklar.

  2. Korleis utviklar vi den sosiale kompetansen vår?

  3. Forklar omgrepa empati, samarbeid, sjølvkontroll, sjølvhevding og ansvarskjensle.

  4. Korleis kan du etablere god kontakt og omsorgsfulle relasjonar til barn og unge? Forklar og gi døme.

  5. Kvifor er gode relasjonar viktig i arbeidet med å fremje den sosiale kompetansen til barna?

Oppgåve 2. Omgivnadene

  1. Kvifor er det av betydning at vi forstår at vi kan vere ein del av årsakene til at barn kan ha vanskar med å samhandle positivt med andre? Forklar og grunngi.

  2. Kva betydning har relasjonsferdigheitene dine i samhandlinga med barn og unge? Forklar og grunngi.

  3. Korleis kan du hjelpe barn og unge med samhandling dersom du er stressa, sint og frustrert?

  4. Du må vere både ein fagperson og eit medmenneske for å gi positive læringsmoglegheiter, støtte og oppmuntring. Kva betyr det?

Oppgåve 3. Ressursane til barnet

Dersom vi rettar merksemda mot ressursane til barnet i staden for problema barnet har i sosiale situasjonar, blir vi i betre stand til å hjelpe. Å identifisere styrkane til barnet, meistringsmoglegheiter og potensielle moglegheiter er viktig for kompetansefremjande læring og utvikling av sosial kompetanse. Det vil motivere barnet, og i tillegg vil læringa kunne byggje på noko som fungerer.

  1. Korleis kan du hjelpe barn til å ta i bruk ressursar i seg sjølv og omgivnadene for å meistre ulike sosiale situasjonar?

  2. Korleis kan du gi barnets sterke sider merksemd og byggje opp sjølvtillit hos barnet i sosiale situasjonar?

  3. Korleis kan du rettleie og hjelpe eit barn til å sjå moglegheiter framover og ta gode val i sosiale situasjonar?

  4. Korleis kan du bli ein god ressurs i livet til barnet og gi sosial støtte?

Oppgåve 4. "Never let the child fail"

Barn og unge som slit med den sosiale åtferda si, har ofte erfart mange nederlag i kvardagen. Dei kan ha låg sjølvtillit og sjølvkjensle. Lystbetonte og engasjerte oppgåver kan gi nødvendig energi til å gjennomføre relevante aktivitetar som krev både uthald og tid.

  1. Diskuter kvifor vi skal leggje størst vekt på oppgåver barn og unge mest sannsynleg vil meistre og lykkast med.

  2. Du møter eit barn som er uroleg og aktiv, og som lett mistar konsentrasjonen og interessa. Det har lite uthald i leik og aktivitetar og fullfører sjeldan aktivitetar det startar på. Det høyrer ikkje kva som blir sagt, har problem med å følgje instruksjonar og strevar med å samarbeide. Forklar kva du vil gjere og grunngi vala dine.

    • Korleis kan du hjelpe og støtte?

    • Kva gjer du for å skape ein god relasjon til barnet, og for å handle omsorgsfullt?

    • Korleis kan du styrkje sjølvkjensla til barnet og meistringskjensle?

  3. Diskuter følgjande påstandar:

    • "Rettleiar vi ikkje barn i kva som er akseptabel åtferd i barnehagen, skulen/SFO, risikerer vi å stå overfor ungdom og vaksne som aldri har fått skikkeleg opplæring i normene og forventningane til fellesskapet."

    • "Ikkje grunngi eller bortforklar den utfordrande åtferda til barnet med ein diagnose. Vi må finne ut kva hjelpemiddel som må til for at barn og unge kan makte å finne sin plass i fellesskapet og følgje dei reglane som gjeld der."

    • "Alle barn og unge vil velje å vere snille og flinke viss dei visste korleis." Korleis kan du vise barn og unge korleis dei kan opptre og vere snille og omsorgsfulle i samhandlinga med andre? Kva betydning vil din veremåte ha for dei sosiale ferdigheitene til barnet?